Startside Reiseblogg Overskrifter Arkiv Om oss / kontakt Bakgrunn Ruteplan/kart Forberedelser Statistikk MinSykkelErLastetMed Linker Erfaringer Takk til in English Tine på tur
Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/show_news.php on line 21 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/show_news.php on line 41 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 31 Dec 2006 av/by Ståle - Vietnam

Lastebilar i Vietnam

Transport er ei viktig greie i Vietnam, og ikkje all transport av varer gaar paa motorsykkel, dei har ganske mange karakteristiske lastebilar her. Nokon er skumlare enn andre, og som med hundar er det ofte dei minste som er mest hissige.


Denne lille saken blir brukt ganske saa masse i byane. Den er ikkje stort storre enn ein motorsykkel folest det, men det er utrulig kva ein kan lesse paa den.


Hyundai Porter er ogsaa ein liten krabat som likar seg paa landevegen, om enn den er litt tungpusta i bakkane. Er ogsaa veldig populaer i Laos.


IFA - Denne ser ut som noko fraa 50-60 talet. Likar seg best i omraader med grustak, men tar gjerne eit enormt lass bambus i fjellstroek ogsaa. Svaert tungpusta i motbakkane. Glad i aa bruke kompressorhornet. Kjem hoegt paa skalaen over farlige lastebilar.


Hyundai har ogsaa stoerre lastebilar som er populaere, som dette fireaksla monsteret. Desse ser ein nesten over alt i 2, 3 eller 4-aksla versjonar. Svaert utbredt i dei bratte omraada nord i Vietnam, der den likar aa snike seg innpaa syklistar i motbakkane for aa sprenge trommehinnene deira med kompressorhornet naar dei er ca 10 cm unna.


Mindre versjon av Hyundaien, legg merke til den flotte Lillehammer-OL-aktige dekorasjonen paa doera.


Overraskande nok finst det amerikanske lastebilar ogsaa i Vietnam. Dette er ein International. Den er ogsaa ganske hissig, men heldigvis lite utbredt. Brukast mest til konteinerar.


Paa veg inn mot Lang Son moette me denne konvoien med nye, kinesiske lastebilar.



<> 0 kommentarer/comments


31 Dec 2006 av/by Ståle - Vietnam

Mot Kina + oppdatering av blogg

Strekning: Hanoi - Bac Giang - Lang Son
Km: 55,30 + 105,09
Akk. km: 3998
Avstand til Kina: ca 20 km

Naa er juleferien i Hanoi over og me har komme oss nordover, og er naa i Lang Son ca to mil fraa grensa.

Eit jordskjelv i havet utanfor Taiwan tok ut seks fiberoptiske kablar som forbind internet i heile Asia med resten av verden. Dermed fekk me ikkje gjort alt me skulle paa nett i Hanoi. Tar det igjen naa med ein fridag her i Lang Son. Dvs. ingen av dei 10 internettkafeene vi var innom i byen hadde noe saa grunnleggende som excel eller word installert paa maskinene sine... Her er det dansespillet Audition og War of Warcraft som gjelder.

I dag har me faatt oppdatert bloggen med ca 70 bilder heilt tilbake til artikkelen fraa Vientiane i Laos.

Lang Son blei delvis oedelagt naar kineserane invaderte i 1979. Byen er bygd opp igjen, og er ein ganske stor by med livlig handel. Det skal ogsaa vere eit grensemarked her i byen. Dette er nok Vietnam sitt svar paa Svinesund.


Paa veg over Long Bien brua i Hanoi.


Litt chip chip (vientamesisk vingummi) gjer susen.


Chip Chip


Groensaksalg fraa sykkel i Lang Son.


I Vietnam pakerer ein saaklart bussen inne i hotellresepsjonen.


Markedsgatene i Lang Son.



<> 0 kommentarer/comments


27 Dec 2006 av/by Ståle - Vietnam

Vanskelig aa blogge i dag

"Arbeidsdagen" vaar gjekk i vaske i dag. Foerst gjekk straumen i heile byen, og med det forsvant internet ogsaa. Straumen kom tilbake, men internet er ikkje heilt paa plass. Haapar paa betre foere i morgo.

<> 0 kommentarer/comments


26 Dec 2006 av/by Ståle - Vietnam

Jolefeiring i Hanoi

Dato: 23.-26.12.06
Stad: Hanoi
km: 15 km 2. juledag til vaksinekontoret


Juletreet og litt juleknask.

Svartjoleftan (lille julaften om du vil)
Svartjoleftan starta med jakt etter ein internetkafe saa me kunne finne oppskrifter til julemiddag og julesnacks, saa me visste kva me skule kjoepe paa den store handledagen. Fant oppskrifter paa, gloegg, surkaal, delfiakake og litt anna julemat og var klar for julehandelen. Me reiste ut til supermarkedet BigC i taxi, for det ligg ganske usentralt til. Big C er litt Obs!-aktig, men paa asiatisk. Trur det er ein thailandsk kjede. Det var saaklart masse folk der og det kunne minne ein del om CitySyd i Trondheim paa ein laurdag. Me fekk tak i ganske masse av det paa handlelista vaar, blant anna ribbe som var ferdig grilla  Det var haap for julemiddagen naa. Fortsatt var det nokre smaating som mangla saa me var innom ein annan vestlig matvarebutikk, Dan's, for aa skaffe resten. Her blei det ogsaa kjoept inn juletre, ca 30 cm hoegt i plast med glitter og stas. Saa var det lunsj heime hos Kristine med masse norske godsaker ho hadde faatt tilsendt heimefraa, blant anna brunost og kaviar.

Saa  var det paa tide med den klassiske svartjoleftan-panikk-shopping-runden. Det blir alltid saann i siste liten, ogsaa heime. Det blei jakta paa litt klede som me treng vidare paa turen og Kinakart ogsaa. Me fant nokre ok bukser som endte opp som jolegaaver til kvarandre (veldig spennande aa vite kva ein faar til jul...), men var jo det me trengte. Kart saag me ikkje snurten til. Etter ganske masse flyging og panikk fant me ogsaa julegaaver til Kristine, Cari (som Elina delte leilighet med ei stund i Hanoi) og Ivan (kjearasten til Cari) som me skulle feire joleftan med.

Seint paa kvelden var det paa tide aa lage litt julesnacks. Fyrte opp panna og skulle lage fudge (engelske karamellar). Dei blei kjempebra, saa naa var joli redda.

Joleftan (juleaften)
Endelig var den store dagen her. Forventningane var vel egentlig ikkje saa kjempestore, men me var spente paa korleis me ville faa til norsk julemiddag paa vietnamesisk. Tidlig paa morgonen blei det tild for aa lage brente mandlar ogsaa. Det blei stor jolefrokost med ferskt broed og masse godt paalegg. Etegildet var igang.

Naa var juletre og ribbe i hus saa det var bare aa pakke inn gaaven, hive dei under treet og gjere ting klart for jolemiddagen. Ribba varma me i ei gryte sidan dei ikkje har steikeovn paa kjoekna sine her i landet. Me laga ogsaa til raudkaal og anna juletilbehoer. Det er faktisk utrlig kor norsk julemiddag ein kan klare aa lage i Vietnam. Det blei eting til me var totalt stappmette, typisk norsk jul.


Klart for julemiddagen.

Under joletreet var det litt glissent, men Kristine hadde faatt masse gaaver tilsendt heimefraa. Blei litt gaaver paa oss ogsaa.


Kristine opnar spent ei ny pakke.

Og om det er nokon som lurer paa korleis julenissen kjem seg rundt her i Hanoi uten sno, saa kjoerer han saaklart motorsykkel.

 

1. joledag
Dette blei den store gjere-ingenting-dagen til aa starte med for oss. Veldig behagelig aa bare ta det heilt med ro. Kristine reiste paa joleferie til Thailand, saa me blei aleine i Hanoi naa. Utpaa ettermiddagen var det paa tide med blogging og oppdatering av sida, saant tar faktisk ein del tid.

2. joledag
I dag var det ein god del ting me skulle ordne paa internet saa det blei internettcafe paa morgonen. Vidare bar det ut paa sykkel i Hanois gater for aa komme til eit vaksinasjonskontor saa eg (Staale) kunne faa begynt aa ta rabiesvaksine. Toerr ikkje reise til Kina og Mongolia uten. Trafikken i Hanoi er fortsatt ganske sjuk.



<> 0 kommentarer/comments


26 Dec 2006 av/by Ståle - Vietnam

Kinesisk ambasade

Dato: 22.12.06
Stad: Hanoi
Km: 0

Naa var det paa tide aa faa ordna kinesisk visum. Ambasadar er som regel litt rare, saa me stod opp tidleg og begav oss ut til den kinesiske ambasaden for aa ordne visum. Naar me kom fram viste det seg at den hadde vore oppe eit par timar alt, saa saa veldig tidlege var me jo ikkje akkurat. Den stengte jo saaklart tidleg ogsaa. Me fekk utlevert skjema av ei vakt i porten, men naar me hadde fylt dei ut og funne fram bilder saa fekk me ikkje lov aa inn fordi bilda var i feil stoerrelse, dei MAATTE vere i 4x6 cm, ikkje snakk om noko anna sjoelv om bildefeltet paa soeknadskjemaet var masse mindre. Saa daa maatte me ut og springe paa jakt etter ein fotograf. Maatte jo rekke det foer ambasaden stengte igjen. Fant heldigvis ei fotosjappe der me fekk tatt nokre flotte passfoto. Det var ogsaa veldig strenge reglar for aassen ein skulle vere kledd og oppfoere seg inne paa ambasadeomraadet. Bare ein fekk gaa inn om gongen, ein skulle vere fint kledd, ikkje ha med fotoapparat eller mobil og ikkje ha paa solbriller. Tre maanadars visum som me soekte om kunne me ikkje faa, saa det ser ut til aa bli eit eitt maanaders visum og tur til Hong Kong for aa fikse nytt kinavisum. Ambasadar altsaa.

Saa var det paa tide med litt juleshopping. Me har funne ut at me treng litt varme klede til Kina, saa me var rundtomkring og kikka. Var i ein liten klesbutikk i Hanoi Tower som har masse b-varer til gode prisar, men fant ikkje det me var ute etter, men dei hadde skibukser og snowboardjakker.

Paa kvelden blei det tid for litt julestemning. Etter middagen reiste me til Goethe instituttet der det var open konsert med tyske julesangar. Dei hadde flydd inn ei tysk dirigentdame fraa Frankfurt for aa holde konserten. Fekk litt julestemning av dei kjente melodiane, men saaklart litt spesielt med vietnamesisk kor og sikkert 20 varmegrader. Bakerst i kroken stod tre nordmenn og sang iveg paa "en bussjaafoer, en bussjaafoer" til til den tyske julesangen "O'Tannenbaum" sidan me ikkje heilt huskar dei tyske tekstane fraa tysken paa videregaaande.



<> 0 kommentarer/comments


26 Dec 2006 av/by Ståle - Vietnam

Det var ikkje saa flatt i Veitnam alikevel jo

Dato: 18.-21.12.06
Strekning: Na Meo - Dong Tam - Hang Tram - Quan Son - Hanoi
Km: 93,23 + 85,81 + 61,68 + 78,79

Me trudde det skulle vere flatt i Vietnam. Med utgangspunkt i kartet tolka me oss fram til at me skulle ned ein elvedal fraa grensa til Laos og ut mot det vietnamesiske flatlandet, men neida. Her var det bakkete akkurat som i Laos. Ein del smaa landsbyar og ivrige Heeeeellooooooo. Det store i dette fjellomraadet var aa ta ut bambus fraa skogen, kutte det i korte bitar, bunte dei sammen og sende dei med lastebil. Me lurte faelt paa kva desse skulle brukast til. (Fant det ut eit par dagar seinare inn mot Hanoi, kjem tilbake til det.)


Buntar med korte bambusstubbar, kva skal dei bruke dei til???

Bambuslastebilen blei saa tunglasta at det bare var saavidt den klarte aa pese seg opp bakkane. Bakkane blei etterkvart mange og me begynte aa forstaa at me ikkje ville komme fram til maalet for dagen, men heldigvis litt foer det blei moerkt dukka det opp eit gjestehus i ein liten landsby, puh.


Naa begynner det aa ligne paa Vietnam.


Vasshjul som blir brukt til aa pumpe opp vatn til rismarkene.

Neste dag begynte det aa ligne paa vietnam. Landskapet blei flatare og risterasser hoppa fram. Og saa var det masse folk, og tuting saaklart. Lastebilane og bussane her er ganske ekle. Hello ropinga har endra seg litt ogsaa, og begynte aa bli slitsomt med haanlig latter som etterslep. Foelte oss litt som apekattar i bur i dyrehagen som folk lo av fordi me var saa rare. I Cham Tuy stoppe me for lunsj, og fekk usansynlige mengder med mat og me gloemte jo aa spoerre aa masse det kosta paa forhaand. Det viste seg aa vere ei tabbe. Naar me skulle gaa skulle dama ha 200.000 dong (ca 40 kr) noko som er veldig masse pengar her og som iallefall var fire gonger saa masse som det normalt ville ha kosta. Ikkje soeren om me skulle betale det altsaa. Ei lokal dame som var det forstod kva som skjedde og var paa vort parti og virka som om ho sa til lunsjdama at det var ein urimelig pris. Me syntest me hadde betalt meir enn nok aa ville bare gaa naa, men lunsjdama holdt oss igjen. Saa fekk me ho til aa begynne aa skrive opp kva som kosta kva og daa var det plutselig oel for 46000 der, og det hadde me jo ikkje hatt. Sjoelv om ho daa hadde gjort ein kjempestor feil var ho like paastaaelig og ville ha pengane sine. Til slutt gav me ho litt meir for aa bli ferdig aa komme oss vekk. Var sure resten av dagen paa grunn av denne opplevinga. Det er alltid nokon som ikkje kan oppfoere seg. Me fekk litt vel nok av Vietnam denne dagen.

Naa hadde me komme ut til krysset til Ho Chi Minh Highwayen. Denne vegen var ikkje heilt ferdig enda, saa det var veldig lite trafikk paa den breie vegen. Langs store delar av vegen satt det folk og kutta opp ei rotfrukt som dei toerka paa vegen (saaklart). Nokre stader moette me paa bruer og diker som ikkje var heilt ferdige, daa maatte me sykle forbi paa smale og stoevete vegar. Dei bygger vegar paa ein rar maate her, ein bit her, ingenting i mellom, saa ein ny fin bit osv, men det blir nok ein bra veg naar den er ferdig.


Maa jo bruke denne flotte vegen til noko.


Nye killometersteinar maa ein ogsaa male.


Oi, her var det slutt paa vegen....


Kom heldigvis forbi paa ein stoevete veg.

Neste dag blei ein kort dag vidare paa HCM Highwayen. Maalet for dagen var ein ganske stor by som ogsaa skulle vere distriktshovedstad og sikkert ha gjestehus eller hotell. Naar me kom fram fant me ikkje noko gjestehus/hotel og maatte spoerre rundt. Fekk vite at me maatte 5 km tilbake for aa finne gjestehus  irriterande. Denne byen ligg ganske naerme "parfymepagodaen" som er ein stor turistatraksjun, mulig det er derfor det ikkje var hotell i byen. Me maatte bare bite i det sure sykkedekket og snu, turte ikkje aa fortsette vidare i tilfelle me ikkje fant noko foer det blei moerkt. Skummelt nok aa sykle blant tutande lastebilar naar det er lyst. Fant gjestehuset i Quan Son.


Stilig propagandaskilt langs vegen.

Siste etappe foer Hanoi! Endelig litt sivilsasjon og mat og internet og varmt vatn osv osv. Og saa gleda me oss ogsaa til aa feire jul med Kristine i Hanoi. Vegen vidare gjekk sammen med dei tutande lastebilane saaklart. Kom til eit kryss der rv 1 gaar rett opp til Hanoi, men den vegen er livsfarlig og braakete, saa me fant oss nokre fine smaavegar austover mot Den Roede Flod for aa foelge den mot Hanoi. Det blei littegrann lengre men saa utrulig masse triveligar paa diker med utsikt, og gjennom smaa landsbyar. Trafikken var ogsaa ganske rolig. Me kom gjennom ein landsby der ALLE holdt paa med aa lage og toerke roekelsespinnar. Her fekk me endelig oppklart bambusmysteriet vaart. Dei blir kutta opp i tynne pinnar og brukt til roekelse, saaklart.


saa det var det her bambusen blei brukt til.


Roekelse toerkar ein saaklart langs vegn.


Her blei bambusen avsloert.

Naar me kom inn til Hanoi var trafikken ganske saa voldsom paa den store infartsaara me havna paa. Eg var overbevist om at nokon kom til aa kjoere paa tilhengeren min, men det gjekk utruleg nok bra. Me hadde lunsj paa Mocca, mmmmm endelig litt vestlig mat igjen.


Paa svingete dikevegar inn mot Hanoi.


Toerking av nudlar langs vegen (saaklart).


Finn motorsykkelen.


Endelig: Hanoi!!

Etterpaa var me og henta noekkelen hos Kristine paa kontoret der ho jobbar og innom ein litt vestlig matbutikk for aa kjoepe inn litt skikkelig mat. (Dei har faktisk knekkebroed der.) Saa bar det heim til huset til Kristine og lage middag og slappe av. Det var herlig aa vere "heime" og ikkje bu paa gjestehus heile tida.



<> 0 kommentarer/comments


24 Dec 2006 av/by Elina - Vietnam

God jul og godt nyttaar!

Idag er det julaften og vi har ordnet baade ribbe (tror vi) rodkaal, brente mandler, sjokoladefudge, negerboller, risgrot og riskrem. Det blir jul ogsaa i Hanoi!


Ribba er paa bordet og det er bare aa ete seg forderva, husk riskrem til desert.

Vi har ingen stekeovn og maa inngaa noen kompromiss paa ingredientsfronten, men resultatet er ikke saa verst om vi skal si det selv.

Paa piratsjappa har vi funnet Disneys juleklassikere og julemusikk for alle penga, og jammen ble det et lite plastjuletre fra Big-C ogsaa.

God jul og godt nyttaar onskes alle som har fulgt oss her paa bloggen vaar!



<> 0 kommentarer/comments


22 Dec 2006 av/by Elina - Vietnam

yess, internett, sivilisasjon, brod, varmt vann i springen, etc

Bare en kjapp melding for vi gjor en serios oppdatering av bloggen. Det er lenge siden sist, men naar sant skal sies har vi ikke sett snurten av internett siden Phonsavanh, ja ofte har vi knapt sett strom paa vaar vei.Vi er altsaa ankommet Hanoi igaar og bor i Kristines lune rede. Det foles nesten som hjemme og her skal vi ha juleferie i en uke ca.

Forste etappe er gjennomfort, naa blir det jul for alle penga!

Akkumulert km: 3838

Statistikken skal ogsaa paa beina i lopet av jula, og et kart med rute. Folg med, folg med.



<> 0 kommentarer/comments


Content Management Powered by CuteNews