Dato: 17.-19.03.07
Strekning: Jingbian - Hengshan - Yulin
Km: 83,88 +106,60
Koordinatar Yulin: N 38gr 17,519' E 109 gr 44,779'
Naar me var klare for aa reise fraa badehuset i Jingbian snoedde det saaklart igjen, men det letta fort heldigvis. Landskapet begynte aa forandre seg veldig, og det var tydlig at me er paa veg mot oerkenstroek, med karrig busklandskap og sand. Vegen gjekk langs ein ganske flat elvedal. Naar me fant hotell i Hengshan var det ei enorm mengde med nyskjerrige tilskuerar som saag paa desse framandfolka medan dei pakka av syklane. Denne dagen skulle me i foelge kartet baade krysse og foelge langs Den Kinesiske Mur eit stykke, men den saag me ikkje noko til.
Neste dag paa veg mot Yulin skulle me ogsaa ha ei passering av muren, men me saag ikkje noko til den naa heller. Det var taake saa det er mulig den var der ute i taakehavet ein stad. I Yulin skulle det ogsaa vere mulig aa sjaa litt av Den Kinesiske Mur, men me har bare sett bymuren her.
Naa har me brukt fem forsoek paa aa finne muren uten resultat, og den einaste muren me har sett er den groenne muren. Og den leita me ikkje etter ein gong.
Naa gledar me oss til aa komme nordover inn i Indre Mongolia (kinesisk provins soer for Mongolia) og denne oerkenen bare saa vidt har skimta utkanten av.
Den groenne muren.
Folk som glor utanfor hotellet.
Starten paa elvedalen me fulgte..
Landskapet i utkanten av oerkenen.
Fjellskjaering i den sandete jorda.
Det er eit slit aa ta seg gjennom sanden ;-).
Elvedalen me fulgte nedover.
Bymuren i Yulin.
Utsikt over Yulin fraa bymuren.