Startside Reiseblogg Overskrifter Arkiv Om oss / kontakt Bakgrunn Ruteplan/kart Forberedelser Statistikk MinSykkelErLastetMed Linker Erfaringer Takk til in English Tine på tur
Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/show_news.php on line 21 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/show_news.php on line 41 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Viser full versjon av "på sykkelshopping i Danmark" 22 Aug 2006 av Ståle

på sykkelshopping i Danmark

Det er kanskje deilig å vere norsk i Danmark, men å betale syklar var ikkje så lett. Å skaffe visum til Vietnam derimot gikk greit.



Første post på dagens program var å levere pass for å søke om visum til Vietnam når eg først var i nærheten av ein vietnamesisk ambasade. Det var utrulig nok greit gjort og kosta bare 400 dkk og tar to dagar å ordne. Var jo forberdt på å kanskje måtte få det sendt, men det gjekk bra.

Så over til syklane. Sykkelbutikken der eg hadde bestilt syklane i låg ikkje så langt unna den vietnamesiske ambasaden, så eg fant greit fram dit. Syklane var på plass og betjeningen i butikken, Peters Bike Supply, var kjempehyggelige. Det blei litt fram og tilbake og fekk prøvt sykkelen min, den var rett og slett flott. Etter prøvesykling måtte eg også få kjøpt inn litt reservedeler, det gikk også greit, og eg fekk også med ein del ting på kjøpet bla ein skikkelig lås. det som var litt fassinerande med Koga-Miyata-syklane er jo at alt er med, pumpe, bagasjebrett, skjermar og drikkeflasker, ikkje nok tull og tøys der nei.

Så kom vansklighetane. Eg kunne ikkje betale med Visa-kort i butikken. Kva gjer ein så? Me hadde fleire alternativ og første forsøk var å kjøre til den lokale banken for å få batalt inn på kontoen til butikken med visakortet, men det gjekk heller ikkje fordi den banken heller ikkje tok visa. Så var det ny tankevirksomhet og alternativa var å bruke nettbank, ringe banken min eller få tatt pengar kontant med visa i ein bank. Minibankane hadde ei grense på 6000 dkk for uttak og det blei litt for lite for to syklar og ein del ekstrautstyr. Så eg fekk tatt drosje inn til ein stor DanskeBank-filial inne i sentrum og fekk tatt ut pengane der og fekk gjort opp for meg, så var alle fornøyd, iallefall nesten. For å få tilbake dansk moms på syklane må eg få stempla kviteringa og få eit skjema frå tollmyndighetane før utreise. Dette må så tilbake til butikken, så får eg noko skjema som eg tar med til ein momsreffunderigssak, men det er igjen på innsida av sikkerhetskontrollen ved avreise frå flyplassen. Så i morgo må eg ut til Kastrup og finne litt meir ut av dette. Grunnen til at eg må ha tilbake dansk moms er at når eg kjem tilbake til Norge må eg betale norsk moms uansett om eg har fått tilbake dansk eller ikkje, så det er eit ganske betydelig beløp.

Etter å ha fått gjort opp for meg i sykkelbutikken fekk eg prøvd ut sykkelen ved å sykle til Farum der Alice, Elina sin tante, bur. Ho har vore så snill å latt meg få bu der. Det var ein litt slitsom tur fordi det var vanskelig å navigere i dette flate bylandskapet og eg er veldig lite kjent her, men med konsultering av kart på busskur og hjelp frå vennelig lokalbefolkning gjekk det bra. Oppdaga at det var ein god sykkel, men "sidebars"'ane som eg kjøpte var for kort og ikkje gode å bruke og må bytast, men det ordnar seg nok. Er spent på kva eg finn ut i morgo.

Det har også oppstått eit lite logistikkproblem fordi me har funne ut at å sende Elina sin sykkel til Bangkok med flyfrakt (som var den opprinnelige planen) ikkje er aktuell sidan ein kan rissikere å måtte betale 80% toll. Dermed står eg med to syklar eg skal ha med meg på flyet heim til Trondheim. I følge mine beregningar så har eg nå totalt ca 40 kg bagasje å ta med, og vektgrensa er 20 kg. Men det ordnar seg nok. Her er det også fleire alternativ for å ting til å gå. Det eine meire kreativt enn det andre.

Det var det for i dag.

Her er det nokre bilder frå danmarksturen.
 

Peters Bike Supply der eg kjøpte syklane.
 

Den eine Koga-Miyata sykkelen, første gong eg ser den
 

Den vietnamesiske ambasaden i København. Lett å finne og visum gjekk knirkefritt
 

Dansk postsykkel
 

Sykkelparkering i København sentrum. Kan minne litt om motorsykkelparkeringa i Ha Noi synest nå eg.


Kommentarer/comments:


Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469
:: Navn/name
:: Mail / Url
Kommentar/comment:

| Glem meg/forget me
Content Management Powered by CuteNews