Startside Reiseblogg Overskrifter Arkiv Om oss / kontakt Bakgrunn Ruteplan/kart Forberedelser Statistikk MinSykkelErLastetMed Linker Erfaringer Takk til in English Tine på tur
Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/show_news.php on line 21 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/show_news.php on line 41 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Viser full versjon av "Tilbake til Danmark del 3 - heim att att - Dysrku'n - til Trondheim med pizzabil" 13 Sep 2006 av Ståle

Tilbake til Danmark del 3 - heim att att - Dysrku'n - til Trondheim med pizzabil

Tilbake frå Danmark med syklane i bagasjen. Turen gjekk ført til Seljord med eit stort innslag av Dyrsku'n, og så vidare til Geilo for å sette igjen Elina sin sykkel der. Sykkelen måtte også pakkast ned så den var klar for flytransport. Siste etappe gjekk frå Geilo til Trondheim. Tilbaketuren gjekk heilt uten motorhavari, men Subarune kjem aldri til Trondheim igjen.



Da er det klart for heimturen frå Danmark. Var ein kort visitt hos Alice. Ho kom veldig seint heim, så det blei bare hallo og så å gå og legge seg.

Ein ny dag og nye mil å legge bak seg. Første punkt var å pakke ned syklane så dei fekk plass i bilen. Ca alt måtte av, og eg er fortsatt imponert over kor mykje plass det er i den bilen som jo tross alt er ein sedan. Det bagasjerommet svelger det meste.

Ein sykkel.

To syklar

Rammene og to hjul gjekk greit i bagasjerommet. Resten havna i baksetet. Må aldri undervurdere lasteevna til ein sedan.

Etter å ha pakka og styra ganske lenge hadde klokka blitt litt masse, og eg kom meg ikkje med ferja frå Helsingør før 11:10, og eg hadde 69 mil foran meg.

Kronborg slott i Helsingør, det siste eg såg av Danmark.

Æ kjøøøøøreeee EEEEEEEEEEssssssææææææææks!!

Turen nordover gjennom Sverige gjekk greit. Kvifor er ikkje E6 like fin nordover mot Tronheim også?

Den nye Svinesundbrua sett frå svensk side.

Ved grensepassering inn i Norge igjen måtte eg stoppe på tollstasjonene på Svinesund for å fortolle syklane. Eg turte ikkje å smugle syklane med meg heim. Det var mange bilar som kjørte på grønn sone som blei stoppa for kontroll. Med min flaks hadde eg heilt sikkert blitt stoppa og fått syklane beslaglagt, så eg valgte å stoppe og følge reglane. Det er ingen toll på å syklar inn i Norge, men når ei vare har ein verdi over 6000 kr må ein betale moms (merverdiavgift) når ein tar det med seg inn i landet.

Beskjeden eg no fekk frå tollaren var at eg måtte betale moms på den danske momsen fordi eg ikkje hadde eit eksportskjema/kvitering frå danske tollmyndighetar når eg reiste ut av Danmark, sjølv om eg hadde fått beskjed frå dansk toll at eg ikkje skulle ta kontakt med dei ved utreise. Ja ja tenkte eg får vel bare betale da. Fekk også vite at eg kunne søke om ny tollberegning når eg har fått tilbake den danske momsen, så eg lever i håpet om det. Det er veldig irriterande at det ikkje går ann å få korrekt informasjon frå verken danske eller norske myndighetar. Ein må faktisk ha gått gjennom systemet ei gong for å finne ut av det.

På veg gjennom Østfold stoppa eg på Ås og besøkte Inga, Coop-Inga, sommervikarkollega frå Coop. Det var kjempefint med ei pause etter å ha kjørt nesten 50 mil. Middag fekk eg også. Tusen takk, Inga. Set pris på det. Og så er det alltid hyggelig å besøke folk ein ikkje har sett på ei stund.

 

Og så vidare til Seljord. Der var Dyrsku'n i full gang. Dyrsku'n er eit stort fesjå med utstilling av dyr og sjuke mengder salgsboder av alle slag, inkludert lanbruksmaskiner i alle variantar. Og så må eg ikkje glømme tivoliet. Som seljording så var eg jo på kvar einaste dyrsku når eg var mindre. Det var viktig å få med seg alle tre dagane det varte. Dyrsku'n er ikkje like stas nå, men artig lell. Det er heilt utrulig kor mykje folk som kjem til den vesle bygda vår denne helga.

På veg til Dyrskuplassen.

For å vise den flotte bondekulturen til ein kultivert trønder hadde eg invitert Erik, klassekammerat og Vietnamsykkelturveteran, til å oppleve denne store hendinga.

Mykje folk på Dyrsku'n.

Det var traktoren sin det. (foto: Erik)

Erik siklar på traktor, trur det var felgane som lokka. Denne kostar bare 909 000 kr pluss moms såklart.

Men Dyrsku'n handlar såklart om dyr egentlig. Desse Telemarksku-kalvane var skikkelig søte.

 

Så var det på tide å komme seg til Trondheim igjen og få pakka ned hybelen for å få flytta, pluss å få ordna ein del praktiske ting. Sidan Subaruen fortsatt ikkje funka fekk eg låne pappa sin "pizzabil", ein skikkelig stilig Ford Courier. Den blir refferert til som "liten, rød toseter". Og det er forsåvidt sant sidan den går på grønne skilt. Det var den tredje bilen eg kjørte på denne turen.

Sykkelen til Elina måtte pakkast og leverast på Geilo sånn at mammane til Elina, Åse, kan ta den med seg til Hanoi når ho skal ned og besøke seinare denne månaden. Å pakke ned ein sykkel er ikkje så lett som ein skulle tru, og eg streva masse, men med god hjelp frå pappa til å holde mens eg teipa og pakka i plast så gjekk det.

Kompakt sykkel i plast, hadde også papp utanpå den.

Turen til Geilo gjekk seint på kvelden, og eg overnatta der sånn at eg kunne få delt opp turen til Trondheim.

Over Valdresflya. Fekk veldig lyst til å ut å gå i fjellet.

Æ kjøøøøøreeee EEEEEEEEEEssssssææææææææks!! (Nå på Dovrefjell med Snøhetta i bagrunnen.)

Etter ca 276 mil og 3 bilar var eg endelig tilbake i Trondheim.



Kommentarer/comments:


Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469
:: Navn/name
:: Mail / Url
Kommentar/comment:

| Glem meg/forget me
Content Management Powered by CuteNews