Startside Reiseblogg Overskrifter Arkiv Om oss / kontakt Bakgrunn Ruteplan/kart Forberedelser Statistikk MinSykkelErLastetMed Linker Erfaringer Takk til in English Tine på tur
Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/show_news.php on line 21 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/show_news.php on line 41 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 54 Deprecated: Function eregi() is deprecated in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/shows.inc.php on line 357 Viser full versjon av "Det var ikkje saa flatt i Veitnam alikevel jo" 26 Dec 2006 av Ståle

Det var ikkje saa flatt i Veitnam alikevel jo

Dato: 18.-21.12.06
Strekning: Na Meo - Dong Tam - Hang Tram - Quan Son - Hanoi
Km: 93,23 + 85,81 + 61,68 + 78,79

Me trudde det skulle vere flatt i Vietnam. Med utgangspunkt i kartet tolka me oss fram til at me skulle ned ein elvedal fraa grensa til Laos og ut mot det vietnamesiske flatlandet, men neida. Her var det bakkete akkurat som i Laos. Ein del smaa landsbyar og ivrige Heeeeellooooooo. Det store i dette fjellomraadet var aa ta ut bambus fraa skogen, kutte det i korte bitar, bunte dei sammen og sende dei med lastebil. Me lurte faelt paa kva desse skulle brukast til. (Fant det ut eit par dagar seinare inn mot Hanoi, kjem tilbake til det.)


Buntar med korte bambusstubbar, kva skal dei bruke dei til???

Bambuslastebilen blei saa tunglasta at det bare var saavidt den klarte aa pese seg opp bakkane. Bakkane blei etterkvart mange og me begynte aa forstaa at me ikkje ville komme fram til maalet for dagen, men heldigvis litt foer det blei moerkt dukka det opp eit gjestehus i ein liten landsby, puh.


Naa begynner det aa ligne paa Vietnam.


Vasshjul som blir brukt til aa pumpe opp vatn til rismarkene.

Neste dag begynte det aa ligne paa vietnam. Landskapet blei flatare og risterasser hoppa fram. Og saa var det masse folk, og tuting saaklart. Lastebilane og bussane her er ganske ekle. Hello ropinga har endra seg litt ogsaa, og begynte aa bli slitsomt med haanlig latter som etterslep. Foelte oss litt som apekattar i bur i dyrehagen som folk lo av fordi me var saa rare. I Cham Tuy stoppe me for lunsj, og fekk usansynlige mengder med mat og me gloemte jo aa spoerre aa masse det kosta paa forhaand. Det viste seg aa vere ei tabbe. Naar me skulle gaa skulle dama ha 200.000 dong (ca 40 kr) noko som er veldig masse pengar her og som iallefall var fire gonger saa masse som det normalt ville ha kosta. Ikkje soeren om me skulle betale det altsaa. Ei lokal dame som var det forstod kva som skjedde og var paa vort parti og virka som om ho sa til lunsjdama at det var ein urimelig pris. Me syntest me hadde betalt meir enn nok aa ville bare gaa naa, men lunsjdama holdt oss igjen. Saa fekk me ho til aa begynne aa skrive opp kva som kosta kva og daa var det plutselig oel for 46000 der, og det hadde me jo ikkje hatt. Sjoelv om ho daa hadde gjort ein kjempestor feil var ho like paastaaelig og ville ha pengane sine. Til slutt gav me ho litt meir for aa bli ferdig aa komme oss vekk. Var sure resten av dagen paa grunn av denne opplevinga. Det er alltid nokon som ikkje kan oppfoere seg. Me fekk litt vel nok av Vietnam denne dagen.

Naa hadde me komme ut til krysset til Ho Chi Minh Highwayen. Denne vegen var ikkje heilt ferdig enda, saa det var veldig lite trafikk paa den breie vegen. Langs store delar av vegen satt det folk og kutta opp ei rotfrukt som dei toerka paa vegen (saaklart). Nokre stader moette me paa bruer og diker som ikkje var heilt ferdige, daa maatte me sykle forbi paa smale og stoevete vegar. Dei bygger vegar paa ein rar maate her, ein bit her, ingenting i mellom, saa ein ny fin bit osv, men det blir nok ein bra veg naar den er ferdig.


Maa jo bruke denne flotte vegen til noko.


Nye killometersteinar maa ein ogsaa male.


Oi, her var det slutt paa vegen....


Kom heldigvis forbi paa ein stoevete veg.

Neste dag blei ein kort dag vidare paa HCM Highwayen. Maalet for dagen var ein ganske stor by som ogsaa skulle vere distriktshovedstad og sikkert ha gjestehus eller hotell. Naar me kom fram fant me ikkje noko gjestehus/hotel og maatte spoerre rundt. Fekk vite at me maatte 5 km tilbake for aa finne gjestehus  irriterande. Denne byen ligg ganske naerme "parfymepagodaen" som er ein stor turistatraksjun, mulig det er derfor det ikkje var hotell i byen. Me maatte bare bite i det sure sykkedekket og snu, turte ikkje aa fortsette vidare i tilfelle me ikkje fant noko foer det blei moerkt. Skummelt nok aa sykle blant tutande lastebilar naar det er lyst. Fant gjestehuset i Quan Son.


Stilig propagandaskilt langs vegen.

Siste etappe foer Hanoi! Endelig litt sivilsasjon og mat og internet og varmt vatn osv osv. Og saa gleda me oss ogsaa til aa feire jul med Kristine i Hanoi. Vegen vidare gjekk sammen med dei tutande lastebilane saaklart. Kom til eit kryss der rv 1 gaar rett opp til Hanoi, men den vegen er livsfarlig og braakete, saa me fant oss nokre fine smaavegar austover mot Den Roede Flod for aa foelge den mot Hanoi. Det blei littegrann lengre men saa utrulig masse triveligar paa diker med utsikt, og gjennom smaa landsbyar. Trafikken var ogsaa ganske rolig. Me kom gjennom ein landsby der ALLE holdt paa med aa lage og toerke roekelsespinnar. Her fekk me endelig oppklart bambusmysteriet vaart. Dei blir kutta opp i tynne pinnar og brukt til roekelse, saaklart.


saa det var det her bambusen blei brukt til.


Roekelse toerkar ein saaklart langs vegn.


Her blei bambusen avsloert.

Naar me kom inn til Hanoi var trafikken ganske saa voldsom paa den store infartsaara me havna paa. Eg var overbevist om at nokon kom til aa kjoere paa tilhengeren min, men det gjekk utruleg nok bra. Me hadde lunsj paa Mocca, mmmmm endelig litt vestlig mat igjen.


Paa svingete dikevegar inn mot Hanoi.


Toerking av nudlar langs vegen (saaklart).


Finn motorsykkelen.


Endelig: Hanoi!!

Etterpaa var me og henta noekkelen hos Kristine paa kontoret der ho jobbar og innom ein litt vestlig matbutikk for aa kjoepe inn litt skikkelig mat. (Dei har faktisk knekkebroed der.) Saa bar det heim til huset til Kristine og lage middag og slappe av. Det var herlig aa vere "heime" og ikkje bu paa gjestehus heile tida.





Kommentarer/comments:


Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469 Warning: Division by zero in /var/www/web/wno139522/cutenews/inc/functions.inc.php on line 469
:: Navn/name
:: Mail / Url
Kommentar/comment:

| Glem meg/forget me
Content Management Powered by CuteNews