Dato: 22.02.07
Stad: Yichang - Sangxi (t/r med buss paa expressway)
Km: 0 paa sykkel
I dag var me og saag paa den store dammen kineserane bygger seg i Yangtze elva. Den saakalte Three Gorges Dam paa engelsk. Den ofisielle sida for damprosjektet i kinesisk stil finn du her: http://www.sxdaba.com/
Denne dammen har blitt ein av dei store turistatraksjonane her, og kineserane flokkar til. Naa har me altsaa sett verdens stoerste dam, men eg trudde aerligtalt den skulle vere stoerre. Den er rektignok ikkje ferdig foer i 2009. Naar dammen staar ferdig vil den ha ein total kapasitet paa 18200 MW og aarlig energiproduksjon paa 84,7 TWh aarlig. For aa ha noko aa samanlikne med saa er ca aarlig forbruk i Norge totalt 126 TWh i 2005 (takk til Bjoern Tore for info).
Utsikten fraa hotellrommet vaart. Typisk kinesisk soeppelhandtering.
Dette er verdens stoerste dam.
Dette er oppsida, dammen er ikkje full foer i 2009.
Og her er den fraa nedsida.
Maskinene dei brukte i dambygginga hadde dei stilt ut i ein park paa nedsida av dammen.
Dammen i det fjerne.
Skal det byggast stor dam, saa treng ein stor redskap.
For aa faa baattrafikken til aa gaa forbi dammen har det blitt bygd eit enormt sluseanlegg.